FREDSBOK: NLA-lærarane (f.v.) Silje Haga, Lars Steinar Hauge og Egil Morland står bak boka Veien til fred. FOTO: NLA Høgskolen

Ei fredens bok frå NLA

På 75-årsdagen for frigjeringa av Noreg frå tysk okkupasjon slepp tre NLA-lærarar ei fersk bok om fred.

Den 8. mai i år blir det markert overalt i landet og i ulike media at det er 75 år sidan freden kom til Noreg. Samtidig lanserer tre NLA-lærarar ei rykande fersk bok som sitt bidrag til jubileet. Dette melder NLA i ei pressemelding.

Boka har fått namnet Veien til fred. Undertittel på boka er Refleksjoner i lys av Immanuel Kant, Karl Marx, konservatismen og kristen tenkning.

Visjonar

Hovudforfattar er magister Lars Steinar Hauge, som kom til NLA for 18 år sidan. Han har ifølgje NLA vore ein godt likt filosofilærar for ein aukande flokk studentar kvart einaste år.

– Eg har gått svangar med denne boka i tre år, seier Hauge.

– Det er skrive mykje om fredsrørsler, men lite og ikkje noko om kva filosofar, enkeltpersonar og viktige samfunnsinstitusjonar har betydd for fredens sak. Det har vorte meir og meir klart for meg kor viktig visjonane vi blir motiverte av og strekker oss etter, betyr.

Kristen tenking

Silje Haga, som òg underviser som høgskulelektor i logikk og filosofi ved NLA, skriv om Kristen tenking – ein veg til fred?

– På kva måte kan kristen tenking representera ein universell standard for fred? spør ho i boka, og følgjer denne tanken frå den indre freden til einskildmenneske til nestekjærleik og håpet om frelsa og evig fred.

Kyrkjekamp

Egil Morland er professor i teologi ved NLA og for tida òg rektor. Han er tredje bidragsytar til boka. Han skriv om korleis etiske krav til krig og krigføring i seg sjølv er eit bidrag til fred, og demonstrerer dette med kyrkjekampen under krigen.

– I dette bidraget hentar eg opp stoff som låg til grunn for avhandlinga mi om kyrkjekampen, men det blir her spesielt nytta inn mot det som er det gjennomgåande temaet i boka – fred – seier han. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.